Mbira, sansa, likembe, kalimba [...] er eit afrikansk musikkinstrument, som av europearane vart kalla tommelpiano eller knipse-lamellofon. Det består av ei lita plate eller resonator som det i vifteform er festa fjører (eller lamellar) til av metall, bambus eller liknande til. Desse vert knipsa med tommelfingrane. Lengda av den frittsvingande delen av kvar lamell avgjer tonehøgda. (Wikipedia, 04.11.2025)